Brannvesenet inviterer store og små til open brannstasjon 20 sep kl1200-1500. Her får publikum oppleve kvardagen til brannfolka på nært hald, samstundes som dei lærer korleis ein best kan førebyggje brann i heimen.
– Open brannstasjon er ein tradisjon vi er stolte av. Det er både lærerikt og morosamt for heile familien, og vi gler oss til å ta imot mange besøkande, seier Jørn Otto Olsen.
Aktivitetar for heile familien
På brannstasjonen blir det høve til å prøve seg som brannkonstabel for ein dag: Sitte i brannbil, sjå demonstrasjonar av sløkkeutstyr og delta i konkurransar.
Difor blir Brannvernuka arrangert
Brannvernuka er eit landsdekkjande initiativ som blir gjennomført kvart år i veke 38, og som har til føremål å setje søkjelys på brannførebygging. Dette markerer òg starten på den landsomfattande aktiviteten «Nasjonal brannøvelse».
Når haustmørket fell på, brukar vi meir straum, tenner fleire lys og oppheld oss meir innandørs – alt dette kan auke risikoen for brann, og difor blir det ekstra viktig å øve, seier Brannkonstabel Jørn Otto Olsen.
Lag di eiga brannøving heime
Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav om brannøvingar. For å gjere det enklare å vere førebudd, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy på www.brannovelse.no, der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa eigen bustad og livssituasjon.
– Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Difor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å kome seg raskt og trygt ut, seier kommunikasjonssjef i Brannvernforeningen, Aslak Gausen.
Ei brannøving heime kan vere så enkelt som å snakke om ulike forhold knytte til brann rundt middagsbordet. Det kan til dømes vere: kvar er det sannsynleg at ein brann kan starte hos oss, eller kva rømmingsvegar har vi? Ho kan òg gjerast til ei meir praktisk og engasjerande aktivitet for heile familien.