Kva skjer i Solund 5.12.23

Det var Kva skjer i Solund 5. desember. Du kan lese meir på heimesida ( lenke ). 

Tannlegetilbodet i Solund desember 2023

Det vert endringar i tannhelsetenesta ut 2023

Budsjett 2024 og økonomiplan 2024 - 2027

Administrasjonsutvalet og formannskapet handsama budsjett 2024 og økonomiplan 2024 - 2027 i møte 21. november 2023. Kommunestyre skal fatte endeleg vedtak i saka i møte 7. desember.

Medlemsskap i Solund treningssenter frå 2024

Frå januar 2024 ynskjer vi å innføre faste medlemsskapsperiodar i Solund treningssenteret.  Vi vil difor sende faktura til alle medlemmer 2 gonger i året

Informasjonsmøte om Ytre Steinsund bru

Tysdag 31.10.2023 vart det halde informasjonsmøte om Ytre Steinsund bru i regi av Vestland Fylkeskommune og Skanska. Omlag 80personar hadde teke turen til Solund Grendahus denne kvelden.

Søk tilskot frå fritidsfondet eller arrangement for sosial utjamning

Alle barn og unge har rett til å delta i leik, fritidsaktivitetar og kulturliv. Fritidsfondet bidreg til at fleire får delta. Dersom ein har utfordringar med økonomien, har ein mogelegheit til å nytte denne ordninga. Retningslinene er no revidert. 

Solund kommunestyre 2023 - 2027

Torsdag 26.10.2023 hadde det nye kommunestyre sitt fyrste møte. Gunn Åmdal Mongstad vart samrøystes vald til ordførar for ein ny periode! Ho startar såleis på sin femte periode som ordførar i Solund, med John Sigfred Hugøy som ny varaordførar.  

Midlertidig skule på plass

Onsdag 18. oktober, blei siste modul på den midlertidige skulen heist på plass.

Innspel til prioritering av spelemiddelsøknader med meir

Det er søknadsfrist for spelemiddelsøknader 15. januar kvart år. I denne samanheng skal spelemiddelsøknadane frå kvar kommune prioriterast lokalt, med politisk vedtak. Dette vert gjort i handlingsplanen til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. 

Lokalsamfunnet inn i skulen

4.-6.oktober fekk elevane på Solund barne- og ungdomsskule nokre litt annleis skuledagar. I samband med at dei aller fleste lærarane hadde studiedagar og var bortreiste, tok andre tilsette i Solund kommune, i samarbeid med lokalt næringsliv og nokre lag/organisasjonar, ansvar for undervisninga.