Redusert foreldrebetaling ved låg inntekt

Har du og familien låg inntekt kan du rett på redusert foreldrebetaling for plass i barnehagen

I Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar er det to ordningar for reduksjon i foreldrebetaling for familiar med låg inntekt:

  1. Redusert foreldrebetaling
    Ingen familiar skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass.
     
  2. Gratis kjernetid
    Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1.august 2023 er inntektsgrensa for rett til gratis kjernetid kr. 615.590 i årsinntekt for familien. Grensa vert heva til kr 642.700 frå 1. august 2024.

 

Slik søkjer du om redusert foreldrebetaling

  • Søknadsfristen er 1. august
  • Når du søkjer må du legge ved skattemeldinga for siste året
  • Søkjer du etter 1. august gjeld retten til reduksjon frå og med fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet
  • Du må søkje om reduksjon kvart år, retten gjeld for eit barnehageår om gongen

 

Logg deg inn og søk om redusert foreldrebetaling her

Anne Brith Tangenes
Styrar Solund barnehage
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 39
Mobil 97 58 45 71
Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35