Skulehelsetenesta i Solund kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.
Tilbodet er gratis og dei tilsette har teieplikt.
Faste helseundersøkingar, samtalar og tilbod om vaksine
Skulehelsetenesta fylgjer nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet.
1.trinn: Skulestartundersøking med helsesjukepleiar og lege. Deltek på foreldremøte.
2. trinn: Vaksinasjon: Difteri-tetanus-kikhoste, poliomyelitt (DTP-IPV)
3. trinn: Tilbod om undervising- helsesamtale, samt høgde/vekt måling.
5 trinn. Undervisning i Psykologisk førstehjelp.
6. trinn: Vaksinasjon mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR). Pubertetsundervisning/ mellomtrinnet.
7. trinn: Vaksinasjon: Humant papillomavirus (HPV), 2 doser.
8. trinn: Helsesamtale med tilbod om høgde og vekt måling. Deltek på foreldremøte.
9. trinn: Tilbod om seksualundervisning.
10. trinn: Vaksinasjon: Difteri-tetanus-kikhoste, poliomyelitt (DTP-IPV)
I tillegg kjem helseundersøkingar, samtalar, oppfølging etter behov. Eleven sjølv, føresette og tilsette ved skulen kan ta kontakt med helsesjukepleiar.
På førespurnad kan helsesjukepleiar bidra med undervisning klassevis, i grupper eller individuelt innan tema som psykisk helse, søvn, kosthald, fysisk aktivitet, pubertet, kropp og seksuell helse, tobakk, alkohol og andre rusmiddel, vald og overgrep.
Slik når du oss
Kontortid ved skulen. Vi har opa dør/drop in og er tilgjengeleg for elevar, føresette og lærarane kvar måndag på skulen f.o.m. kl. 12.00- 13.30.
Du finn oss i 2. etasje i modulbygget.
Elevar får ikkje fråvær ved time hos helsesjukepleiar.
Kontakt din helsestasjon på nett - Digi Helsestasjon
Føresette kan bestille time på helsestasjonen via Helse Norge kvar måndag mellom kl 09.00 - 11.00
Nyttige lenker
Alarmtelefonen for born og unge
Ung.no
Sex og samfunn
Zanzu - info på fleire språk