Solundheimen

Solundheimen ligg på Solund helsetun i Hardbakke sentrum og har 19 sjukeheimsplassar og ei KAD-seng, alle i enkeltrom. Solundheimen har eige kjøkken og vaskeri

Vi har tilbod om korttidsplassar, langtidsplassar og kommunal akutt døgneining (KAD). Vi har 7 omsorgbustader i nær tilknyting til sjukeheimen.

Kven kan få sjukeheimsplass?

  • Korttidsplass er for deg som har behov for opptrening, vedlikehaldstrening eller utredning. 
  • Langtidsplass er for deg som har eit stort behov for pleie og  omsorg heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus. 
    • Før tildelt plass, skal det vere prøvd ut med  heimetenester i heimen.
  • KAD-plass får du der helsepersonell vurderer at det er behov for akutt innleggelse ved fysiske og psykiske helsevanskar


Slik søkjer du om plass

Du søkjer ved å bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Når du sender inn søknadsskjema søker du generelt om helse- og omsorgstenester, ikkje om ei spesifikk teneste. Kommunen gjer alltid ei heilheitsvurdering av kva tenester som kan vere best for deg i din situasjon.

I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.

Skjemaet må signerast og sendast i posten til:

Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke 

Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.

Du finn søknadsskjemaet her

Har du spørsmål, kan du ringe telefon 57 78 62 50

Søknadsfristar

Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.
Treng du akutt plass får du dette utan å søkje i forkant.

Kva kostar det.

Kva du må betale avheng av kva type plass du har og kva du har i inntekt.

For korttidsplass inntil 60 døgn pr år betalar du eit fast beløp pr døgn. For langtidsplass betaler du ut frå inntekt.

Eigenbetaling finn du i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester
 

Aktuelt lovverk

Helse- og omsorgstenestelova

Pasient- og brukarrettigheitslova

Pasientjournallova

Helsepersonellova

Wioletta T W Engdal
Einingsleiar for sjukeheim og heimetenester
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 05
Marit Andersen Nesse
Leiar helse og omsorg
Epost
Mobil 41 29 11 39