Kreftkoordinator og ressurssjukepleiarar

Solund kommune har eit team på to tilsette som har særleg ansvar for personar med kreft og andre alvorlege sjukdommar.

Teamet består av kreftkoordinator og ressurssjukepleiarar. 

Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er eit lavterskeltilbod til kreftpasientar, pårørande og andre som er ramma av kreft og som har behov for råd og støtte i ein vanskeleg periode. Kreftkoordinatoren kan du  ta kontakt med i alle fasar av ein kreftsjukdom.

Kommunen sin kreftkoordinator er Wioletta Warzewska Engdal. Telefon. 459 74 005

Kreftkoordinatoren kan hjelpe deg med

  • Samtale
  • Svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
  • Kartlegge behov og samordne hjelpeapparat
  • Vere ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller der barn er pårørande
  • Bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte
  • Ha oversikt over relevante tilbod og tenester for deg og dine pårørande

Kreftkoordinator kan, når det er ynskje og behov for det, samarbeide med fastlege, NAV, helsestasjon, heimetenesta, sjukeheim, spesialisthelsetenesta, skule, barnehage, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, kreftforeninga og andre.

Ressurssjukepleiarar

Ressurssjukepleiarar i kommunen følger direkte opp pasientar og pårørande innan kreftomsorg og lindrande behandling på sjukeheim og heimetenesta.

Ressurssjukepleiarar i nettverk i kommunen er Merete Espeland Førde og Wioletta Warzewska Engdal.

Ressurssjukepleiar kan hjelpe deg med

  • Samtale, kartlegging og oppfølging
  • Førebygging og hjelp til lindring av symptom
  • Råd og informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging
  • Samarbeid med helsepersonell og informasjon om andre instansar

 

Her finn du søknadsskjema 

Wioletta T W Engdal
Einingsleiar for sjukeheim og heimetenester
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 05