Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplev meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. 

Skulehelsetenesta i Solund kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.
Tilbodet er gratis og dei tilsette har teieplikt.
 

Faste helseundersøkingar, samtalar og tilbod om vaksine

Skulehelsetenesta fylgjer nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet.

1.trinn: Skulestartundersøking med helsesjukepleiar og lege. Deltek på foreldremøte. 
2. trinn:  Vaksinasjon: Difteri-tetanus-kikhoste, poliomyelitt (DTP-IPV)
3. trinn: Tilbod om undervising- helsesamtale, samt høgde/vekt måling.
5 trinn.  Undervisning i Psykologisk førstehjelp.
6. trinn: Vaksinasjon mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR). Pubertetsundervisning/ mellomtrinnet.
7. trinn: Vaksinasjon: Humant papillomavirus (HPV), 2 doser.
8. trinn: Helsesamtale med tilbod om høgde og vekt måling. Deltek på foreldremøte.
9. trinn: Tilbod om seksualundervisning.
10. trinn: Vaksinasjon: Difteri-tetanus-kikhoste, poliomyelitt (DTP-IPV)
 

I tillegg kjem helseundersøkingar, samtalar, oppfølging etter behov. Eleven sjølv, føresette og tilsette ved skulen kan ta kontakt med helsesjukepleiar.

På førespurnad kan helsesjukepleiar bidra med undervisning klassevis, i grupper eller individuelt innan tema som psykisk helse, søvn, kosthald, fysisk aktivitet, pubertet, kropp og seksuell helse, tobakk, alkohol og andre rusmiddel, vald og overgrep.

 

Slik når du oss

Kontortid ved skulen. Vi har opa dør/drop in og er tilgjengeleg for elevar, føresette og lærarane kvar måndag på skulen f.o.m. kl. 12.00- 13.30.

Du finn oss i 2. etasje i modulbygget.

Elevar får ikkje fråvær ved time hos helsesjukepleiar.

Kontakt din helsestasjon på nett - Digi Helsestasjon

Føresette kan bestille time på helsestasjonen via Helse Norge kvar måndag mellom kl 09.00 - 11.00

 

Kontaktinformasjon skulehelsetenesta
Funksjon Telefon Kontor
Skulehelsetenesta 991 55 424 Solund ungdomsskule 3. etasje (PPT-kontoret)
Solund helsestasjon 57 78 62 82 Solund helsetun 2. etasje

Nyttige lenker

Alarmtelefonen for born og unge

Ung.no

Sex og samfunn

Zanzu - info på fleire språk 

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg
Leiande helsesjukepleiar
Helse og omsorg
Epost
Telefon 57 78 62 82
Mobil 99 15 54 24