Koordinerande eining/individuell plan

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskapeleg tilbod til brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.

Denne funksjonen blir i Solund kommune ivareteken av koordinerande eining, som består av leiande helsesjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut.

Kva er individuell plan?

Individuell plan er ein prosess for korleis tenestene du treng skal verke saman slik at du får ei heilskapleg oppfølging tilpassa behova dine. Det som er viktig for deg skal vere utgangspunktet for planarbeidet.
Planen skal beskrive måla dine, kva som skal gjerast, kven som har ansvar for kva og til kva tid. 

Kva er ein koordinator?

  • Koordinator er ein av fagpersonane dine som koordinerer tenestene og sikrar framdrift i arbeidet med den individuelle planen din.
  • Koordinatoren sørgjer for at du, og eventuelt pårørande, vert involverte tett i arbeidet med planen.
  • Ulike yrkesgrupper kan ha rolla som koordinator.
  • Kva du ønskjer skal leggjast vekt på ved val av koordinator.

Kven kan få individuell plan og koordinator?

  • Alle som har bruk for langvarige tenester over ei viss tid. Behovet treng ikkje vere varig. 
  • Personar i alle aldrar og utan omsyn til diagnosar og/eller type funksjonsutfordringar
  • Individuell plan og koordinator er gratis

Kva vil det seie for deg å ha ein individuell plan og koordinator?

  • Du vert involvert, og planen er basert på måla dine.
  • Du har éin koordinator som har oversikt over situasjonen din.
  • Du får ikkje nødvendigvis fleire tenester, men du får koordinerte tenester som samarbeider.
  • Du avgjer kva opplysningar som vert delte mellom tenestene.
  • Du opplever at tenestene heng saman, slik at du kan nå måla dine.

Korleis kan du få individuell plan og koordinator?

  • Personell i tenestene skal informere om og tilby deg individuell plan og koordinator.
  • Du eller dine pårørande kan òg sjølve be om det, ta kontakt med koordinerande eining. Du kan få koordinator sjølv om du takkar nei til individuell plan.
  • Spesialisthelsetenesta skal óg tilby deg koordinator, melde behovet for individuell plan vidare til kommunen og ved behov vere med på å gjennomføre planen

Barnekoordinator

Frå 1. august 2022 skal alle kommunar ha ein barnekoordinator for born fram til dei fyller 18 år.

Familiar som har barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsatt funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansatte eller koordinerte helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester, har rett til ein eigen barnekoordinator dersom foreldra eller den som samtykkjer på vegne av barnet, ynskjer dette.

Barnekoordinatoren skal sørge for

  • koordinering av det samla tenestetilbodet
  • å ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunen sitt ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet i form av tilbod om eller ytelse av helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester
  • at familien og barnet får nødvendig informasjon og heilhetleg rettleiing om helse- og omsorgstenestetilbodet
  • at familien og barnet får nødvendig informasjon og heilheitlig rettleiing om andre velferdstenester og relevante pasient- og brukarorganisasjoner, at familien og barnet vert gitt rettleiing i kontakten med desse og at det vert formidla kontakt eller henvisning vidare til slike tenester eller organisasjonar
  • framdrift i arbeidet med individuell plan

Barnekoordinator vert oppmnemd av Koordinerande eining ut frå barnet sin situasjon

Her finn du tilmeldingsskjema for individuell plan og koordinerande eining (PDF, 631 kB)

Du kan klage på vedtaket

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar. 

Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans.

Når vert tilbodet avslutta?

Prosessen vert avslutta når du har nådd forventa mål eller det ikkje lenger er trong for samordning. Prosessen kan starte opp att ved nye behov. Du kan ta i mot bistand sjølv om rehabiliteringsprosessen er avslutta.

Adresse

Solund kommune
Koordinerande eining v/helsesjukepleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke

Nyttige lenkjer

Les meir om ordninga her: Ditt liv, din plan

Føremålet med individuell plan - Helsedirektoratet

Pasient og brukarrettigheitslova

Helse- og omsorgstenestelova

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg
Leiande helsesjukepleiar
Helse og omsorg
Epost
Telefon 57 78 62 82
Mobil 99 15 54 24