Informasjonsmøte om Ytre Steinsund bru

Tysdag 31.10.2023 vart det halde informasjonsmøte om Ytre Steinsund bru i regi av Vestland Fylkeskommune og Skanska. Omlag 80personar hadde teke turen til Solund Grendahus denne kvelden.

Her fylgjer nokre punkt frå møtet

  • Skanska kjem primært til å ha all sin aktivitet på Søre Mortevika, inkludert overnattingsrigg. Dei kjem til å ha løysingar for det meste av sine behov, men har behov for tenester knytt til reinhald. Det vil dukke opp andre behov undervegs
  • Skanska kjem i all hovudsak til å få sine varetransportar tilført via sjø. Transport internt i anleggsområdet mellom Søre Mortevika og Guridneset vil også i hovudsak skje via sjø. 
  • Det vil bli mykje utstyr, fortøyingar med meir i sjø mellom Brattholmen og Guridneset, medan løpet mellom Brattholmen og Hesteneset vert halde ope. 
  • Skanska løyser brubygginga som eit grønt prosjekt der det er valt materiale i bygginga som har redusert CO2-utslepp, som til dømes ved å velje resirkulert stål, lavkarbonbetong og lavtemperaturasfalt. 
  • Det vil bli bygd 20 meter lang kai med ei djupne på 6 meter på Søre Mortevika. Denne vert laga slik at den kan forlengast. Det er lite grunnarbeid i sjø for å få djupare forhold ved kaia. 
  • Det vert sett i gang reguleringsplanarbeid for Rørdalsfjorden bru snarleg, med ambisjon om at brua skal vere ferdig samtidig med bru over Ytre Steinsund
  • Vestland fylkeskommune ynskjer tilbakemelding dersom det er tilsette i anleggsselskapa som arbeider med brua som opptrer uakseptabelt. 

 

Adgang forbode

Det er viktig å merke seg at det er adgang forbode i anleggsområdet, fordi området ikkje er sikra for steinsprang og høge kantar. Dette gjeld også i helgane. Det vil bli halde open dag på anlegget til våren. 

 

Her kan de sjå presentasjonen som vart nytta på møtet 31.10 (PDF, 16 MB)