Informasjon om IBU-midlane 2023

Viss du har planer om bruksutbygging, bygging av gjødsellager, plan/tårnsilo eller gardsbruket står framfor generasjonsskifte er det mogeleg at Innovasjon Norge kan løyve tilskot til prosjektet.

Bygdenæring/tilleggsnæring

Innovasjon Norge vil prioritere støtte til prosjekt der målet er å etablere tilleggsnæring til tradisjonelt landbruk slik at desse til saman gjev tilfredsstillande sysselsetjing og inntekt på garden.

Prioriterte område under bygdenæring er:

  • Prosjekt der målet er å etablere tilleggsnæring til tradisjonelt landbruk slik at desse til saman gjev tilfredsstillande sysselsetjing og inntekt på garden
  • Småskala grønsakproduksjon
  • Mat og drikke med lokal identitet
  • Landbruksbasert reiseliv med eit visst omfang og i kombinasjon med aktivitetsbaserte opplevingar
  • Inn på tunet
  • Bygdesag, foredling av trevirke

 

Du kan lese meir om ordninga i informasjonsskrivet frå Innovasjon Norge (PDF, 147 kB)