Boligdugnaden.no - rettleiing til private som skal leige ut

For å gjere det enklare for privatpersonar å leige ut bustad, lanserer DiBK nettsida boligdugnaden.no.
Nettsida er utvikla i eit samarbeid mellom Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), Husleietvistutvalget (HTU) og Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD).

Bustad-dugnaden skal bidra til fleire utleigebustader

Krigen i Ukraina gjer at det kjem mange flyktingar til Norge. Det store behovet for leigebustader rammar ikkje berre flyktningane, men også andre som ynskjer seg inn på leigemarknaden.

I mange kommunar er utleigemarknaden i ferd med å bli svært utfordrande, med færre tilgjengelege leigebustader enn tidlegare. Målet med Boligdugnaden.no er å få fleire til å leige ut ledige leiligheiter, hus og rom. På nettsida har DiBK samla informasjon om korleis gå fram for å leige ut.

Eigenvurdering av det ein vil leige ut

Boligdugnaden.no formidlar informasjon slik at bustadeigarar blir i stand til å gjere ei eigavurdering av det dei vil leige ut, før dei legg ut bustaden til leige.

På nettsida kan ein:

  1. Finne ut om  hus, leiligheit eller rom ein har kan leigast ut lovleg.
  2. Lese råd og anbefalingar om kva ein bør gjere og ta stlling til før ein leiger ut.
  3. Få tips til korleis ein kan finne ein leigebuar, for eksempel gjennom kommunen sin.

Du kan sjekke ut boligdugnaden.no her