Ung og framtida i Solund

Startprosjektet «Ung og framtida i Solund» (program for folkehelse) er retta mot ungdom, og deira behov og ønsker kring arbeid og fritid. Livsmeistring, livskvalitet, og ein heimkommune med meiningsfulle tilbod står i fokus. Det same gjer inkludering,

Hovudmålet er at unge i Solund skal ha det bra, og veit kva mogelegheiter som finns her, og beheld tilknyting til heimstaden. Og gjerne etablerer seg i Solund. 

For å få til dette har kommunen inngått samarbeid med NORCE/RKBU Vest ved forskingsprofessor Kjell Morten Stormark. Og andre aktørar som Vestland fylkeskommune. 

Ved tett samarbeid med målgruppa sjølv, har vi funne ut kva ungdommane treng og ønskjer seg frå samfunnet – både no og i framtida. Også for dei som fell utanfor arbeidslivet. Her er noko av det vi har fått til, i lag med flinke unge, tilsette, politikarar, Solund ungdomsråd og ressurspersonar i dei ulike målgruppene:

  • Styrking av ungdomsrådet og lokal ungdomstransport
  • Starta opp inkluderande møteplassar
    • Ungdomsklubb
    • Solund fellesarena (SoFA) for 18+
  • Systematisert informasjonsdeling, og etablert informasjonskanalar og kontaktflater retta mot unge
  • Ny ungdomskoordinator-rolle tilsett på skulen
  • Initiativ om sambruk av område, og innkjøp av fellesutstyr til dette (Ungdomsmidla)
  • Styrka og systematisert faget Utdanningsval og lokal karrieremesse, for å bli betre kjende med  jobbmoglegheitene i/frå Solund
  • Samarbeid med andre aktørar og prosjekt for å realisere ynskjer
  • M.v.

 

Prosjektet er eit forskingsprosjekt, og varer i perioden 2022-2026. Dei tiltaka som har mogleg eller dokumentert positiv effekt, får bli med vidare i vanleg drift. Det same gjeld dei gode måtane vi har fått erfaring med å jobbe på. Som samskapinga med dei unge og bruk av ressurspersonar i målgruppa.

Mona Hjønnevåg
Folkehelsekoordinator
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 43
Mobil 41 30 80 83
Monica Thune
Ungdomskoordinator
Samfunn og næringsutvikling
Epost
Mobil 98 44 40 28