Ytre Steinsund Bru

Ytre Steinsund bru med tilførselsveg er under bygging, med byggestart 20. september 2022. Dette er eit fylkeskommunalt prosjekt. 

Verdt å merke seg:

  • Sprenging på Daløy vil i størst muleg grad ta omsyn til ferja, og vil fortrinnsvis skje mellom kl. 9.15 og 14.15. Ventetid kan forekomme, og oppryddingarbeid kan ta lenger tid enn forventa.
  • Arbeidet ved Nåra vil også påverke trafikkavviklinga. 
  • Det vert oppmoda om at ein held avstand til anleggsområde og lyttar etter sprengingssignal, då det er stor fare ved å bevege seg inn i eller ved anleggsområdet. 
  • Turstien til Håfjellet er flytta lenger opp i terrenget i starten.
  • Om grupper ynskjer å sjå anleggsområdet, ta kontakt med administrasjonen i Vestland fylkeskommune eller Lesja Bulldozerlag. Kontaktopplysningar finn de på heimesidene som er lenke til lenger nede på sida her. 
  • Dersom nokon kan ta transportoppdrag, ta kontakt med Lesja Bulldozerlag. 
  • Både Vestland Fylkeskommune og Lesja Bulldozerlag oppmoda om at folk tek kontakt med dei på anleggskontora på Solneset.

Aktuelle lenker