Marint vern Sognefjorden

Fjordlandskap med folk på SUP - Klikk for stort bileteSognefjorden Maria Knagenhjelm

Statsforvaltaren i Vestland arbeider med marint vern av fleire fjordar i Vestland, deriblant Sognefjorden. Arbeidet med vern er forankra i Naturpanelet til FN og eit nasjonalt rådgjevande utval si tilråding frå 2004. 

Sognefjorden er verdas djupaste og lengste isfrie fjord. No er arbeidet i gang med å verne dette unike marine området. Verneprosessen er eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar.

Sognefjorden er ein kandidat som representerer eitt av dei mest særeigne og mangfaldige undersjøiske naturområda vi har i landet. Sognefjorden er eit eineståande geologisk fenomen som verdas djupaste fjord. Frå fjordbotn og opp er det stadvis over to kilometer med fjellsider som reiser seg og som skapar eit særprega fjordmiljø.

Avgrensing av kandidatområdet

Kandidatområde vern Sognefjorden

Den geografiske avgrensinga av kandidatområdet strekk seg frå dei inste delane av Lustrafjorden og Årdalsfjorden i indre Sogn og ut mot Sognesjøen, og utgreiingsarealet er så langt 999 km2.

Verneforslaget skal i utgangspunktet bli avgrensa mot land ved to meters djupne ved middels låg vasstand eller til marebakken, der den kan påvisast. I utgangspunktet, dersom det ikkje er spesielle verneverdiar som tilseier noko anna, skal privat grunn ikkje bli påverka av verneforslaget.

 

Du kan lese meir i lenke til Statsforvataren si heimeside