Kunngjeringar og høyringar

Her vil de finne  plansaker og andre kunngjeringar som vert lagt ut til offentleg ettersyn i Solund kommune. Dei nyaste høyringane ligg øverst.

Høyringsfristar går fram av dei ulike dokumenta. Dei fleste høyringane vil som utgangspunkt ligge ute til orientering omlag 3 veker etter høyringsfristen. Nokre høyringsdokument kan ligge lengre.

Høyringsdokument for dei sakene der fristen er gått ut finn du i Innsyn på den saka det gjeld. Du kan søke på dei ulike sakene i postlista (lenke)

 

Forskrift om vertskommunesamarbeid på tvers av forvaltningsnivå

Kommunane i Sogn og Fjordane og Vestland fylkeskommune samarbeider i eit «kommunalt oppgåvefellesskap»  (KO)  –  Kommunearkivordninga  i  Vestland  KO  (KAV)  –  om  å  løyse arkivoppgåver.  Det er gitt klarsignal frå Kommunal og Distriktsdepartementet (KDD) til å søke om  å  delta  i  forsøksordninga  for  å  teste  ut  ein  ny  måte  å  organisere  dette  samarbeidet  på, nemleg gjennom vertskommunesamarbeid på tvers av forvaltningsnivå.

For at dette forsøket skal bli noko av må alle kommunane i KAV vedta ny forskrift og stille seg bak søknaden til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Departementet må godkjenne forsøket og stadfeste forskrifta om forsøk, som vert gjeldande i forsøksperioden.

Utkast til forskrift og bakgrunnsinformasjon frå Vestland fylkeskommune finn de her. (PDF, 71 kB) Innspel kan sendast til post@solund.kommune.no.

Artikkelliste