Støtteordningar
Kulturminnefondet
Den viktigaste nasjonale ordninga for private eigarar av kulturminne. https://kulturminnefondet.no/
Kven kan søkje?
- Private eigarar (personar, lag, stiftingar, grunneigarar)
- Tiltaket må gjelde bygg eller anlegg med kulturhistorisk verdi
Kva kan du få støtte til?
- Restaurering og istandsetjing
- Tak, kledning, vindauge, konstruksjonar
- Tradisjonshandverk og antikvariske metodar
- Sikring av bygg i dårleg forfatning
- Datering (t.d. dendrokronologi)
- Tilbakeføring av dokumentert opphavleg byggjeskikk
Kva blir vektlagt?
- Kulturhistorisk verdi
- Tiltaket sin kvalitet og metodebruk
- Framdrift og heilskap
- Lokal samfunnsnytte og framtidig bruk
Merk: Kulturminnefondet gir berre støtte til freda bygg dersom eigar har søkt annan statleg støtte først.
Fylkeskommunale tilskot/Riksantikvaren
Rettar seg mot:
- Verna bygg
- Freda bygningar
- Tekniske og industrielle kulturminne
- Ruiner frå mellomalderen
- Frivillige organisasjonar
Eksempel som det kan gjevast støtte til:
- Vedlikehald og restaurering
- Dokumentasjon og tilstandsvurdering
- Datering
- Prosjekt som styrkar lokal kulturarv
Kontakt fylkeskommunen:
- Før du set i gang tiltak
- Når bygget kan vere før 1650
SMIL-midlar (Spesielle miljøtiltak i jordbruket)
Gjeld for:
- Gardsbruk i aktiv drift
- Bygg i kulturhistoriske gardsmiljø
Kan støtte:
- Restaurering av løer, stabbur og driftsbygg
- Sikring av eldre konstruksjonar
- Vedlikehald og tilbakeføring
- Sjå rettleiar for SMIL i Solund kommune
Andre fond og ordningar
- UNI-stiftelsen – støttar kulturhistoriske bygg og anlegg
- Ta et tak – støttar våningshus, driftsbygninger, stabbur, naust mm.
- Forbundet KYSTEN – tilskot til naust og kystkulturbygg
- Enova - tilstok til gode energitiltak i boliger
Søknader
Kven kan hjelpe deg med søknaden?
- Fylkeskommunen – gratis fagleg rettleiing og vurdering for hus før 1650
- Bygningsvernrådgivarar – teknisk og antikvarisk bistand. Fagleg rettleiing.
- Kulturminnefondet – telefonrettleiing og prosjektvurdering (tilskot)
- Bygg og Bevar – fagartiklar, rettleiing og døme
- Lokale handverkarar – metodiske vurderingar og kostnadsoverslag
Kva må vere med i ein søknad
Tilskot
Når du søkjer om tilskot, er det viktig å finne ut kva krav som gjeld for ordninga. Ein god søknad bør kort beskrive bygget si historie, alder, bruk og tidlegare endringar, gjerne med foto, SEFRAK-opplysningar og ei enkel fagleg vurdering eller tilstandsrapport.
Du bør forklare kva tiltak du planlegg, kvifor dei er nødvendige, og korleis arbeidet skal utførast, inkludert metode- og materialval.
Vidare treng du eit overslag over kostnader, gjerne med tilbod frå fagfolk, samt ein enkel plan for framdrift og eventuell eigeninnsats.
Som vedlegg kan du leggje ved teikningar, kart, eventuelle dateringar og vurdering frå bygningsvernrådgivar.
Søknad om endring eller riving (til kommunen)
Dette gjeld tiltak som endrar fasade, vindauge, dører eller kledning, tiltak som inneber konstruksjonsendringar eller riving, og arbeid på bygg som kan vere eldre enn 1850 eller automatisk freda (før 1650). Det omfattar òg tiltak i tun og kulturmiljø.
Søknaden må innehalde situasjonskart, målsatte teikningar av plan, snitt og fasade, tydelege foto av dagens tilstand og ei skildring av materialbruk og planlagt utføring. Ei fagleg vurdering av bygget sin kulturhistoriske verdi styrkjer grunnlaget.
Du må grunngje kvifor tiltaket er nødvendig, gjerne basert på tilstand, og forklare kvifor dei valde løysingane er dei mest skånsame og korleis dei vil påverke bygget sin historiske verdi.
For bygg frå før 1650, eller mogleg frå før 1650, skal saka sendast vidare til fylkeskommunen. Slike bygg blir behandla som freda, og alt arbeid utover vanleg vedlikehald er søknadspliktig. Det gjeld ei sikringssone på fem meter rundt bygget, og inga gjennomføring av tiltak kan starte før godkjenning er gitt.
Kommunen og kulturminneforvaltninga vurderer òg om tiltaket kan gjennomførast meir skånsamt, om delar kan endrast for å bevare meir, eller om riving kan unngåast.