Automatisk freda bygg – før 1650
Sjølv om det berre er hus før 1537 som er freda, så skal også dei husa som er bygd før 1650 få same handsaming.
Mistanke om før-1650: kontakt fylkeskommunen før arbeid startar
Bygget kan vere eldre enn ein trur. Kontakt fylkeskommunen, vurder datering og unngå store inngrep før du får rettleiing.
Sikringssone
Det gjeld ei sikringssone på minimum 5 meter rundt bygg frå før 1650. Inngrep i sona er søknadspliktige.
Søknad:
- Vanlig vedlikehald treng ofte ikkje søknad
- All endring av utsjånad, materiale eller konstruksjon: søknadspliktig
- Inngrep i sikringssona er søknadspliktig
- Riving: alltid søknadspliktig
Hus bygd 1650- 1850:
Desse husa er ikkje automatisk freda, men her vil søknad om riving eller vesentleg endring bli oversendt fylket før søknaden er ferdigbehandla.
- Vedlikehald → treng oftast ikkje søknad
- Endring → søknadsplikt, særleg på fasade, tilbygg og materialar
- Riving → alltid søknadspliktig
Bygg etter 1850
Desse kan framleis vere verneverdige eller inngå i kulturmiljø. Solund kommune har ikkje formelt verna bygg i kulturmiljøplanen, men mange hus er listeførte, noko som styrker moglegheita for å få støtte.
- Vedlikehald → treng oftast ikkje søknad
- Endring → søknadsplikt, særleg på fasade, tilbygg og materialar
- Riving → alltid søknadspliktig
Vedlikehald
Vedlikehald = arbeid som held bygget i stand utan å endre materiale, konstruksjonar eller utsjånad.
Det betyr at tiltaka skal:
- vere jamlege og førebyggjande
- ikkje endre byggets karakter eller kulturhistoriske verdi
- bruke same type materiale og teknikkar som frå før (så langt mogleg)
Døme på «vanlig vedlikehald» (ikkje søknadslpliktig):
- Reingjering og enkel pleie
- Vasking av fasadar (skånsamt)
- Fjerning av mose, begroing og vegetasjon
- Rensing av takrenner og nedløp
- Reparasjonar av mindre omfang
- Skifte av enkeltståande takstein, bord eller beslag
- Utskifting av råteskadde delar, men berre når same materiale og dimensjonar blir brukte
- Tetting av lekkasjar i tak og pipe
- Reparasjon av vindauge med bevaring av original karm, ramme og beslag
- Maling og overflatebehandling
- Maling med same farge og same type maling
- Tjærebrenning, kalking eller tjæresmøring i same tradisjon som tidlegare
- Oppretthalde konstruksjonen
- Stramming eller byte av enkle festemiddel
- Kontroll og vedlikehald av drenering (utan terrenginngrep)
Døme på kva som ikkje blir rekna som vedlikehald :
Desse endrar bygget og krev derfor løyve:
- Utskifting av heile vindauge eller dører (ikkje berre reparasjon)
- Endring av farge på fasade
- Etterisolering som påverkar fasaden eller konstruksjonen
- Omlegging av tak med ny type materiale
- Tilbygg, påbygg og inngrep i berande konstruksjonar
- Endring av planløysing inne i freda bygg (interiør kan også vere freda)
- Endring av detaljar som listverk, panel og kledningstypar
- Installering av nye tekniske anlegg som krev inngrep (vassrøyr, ventilasjon m.m.)
Rettar og plikter som huseigar
Plikter
Plikt til forsvarleg vedlikehald (pbl. § 31-3)
Du som huseiger, uansett alder på huset plikter i følge Plan og Bygningslova om å halde huset i forsvarleg stand
Plikt til å søkje før tiltak som går utover vanleg vedlikehald
dette gjeld alle hus, ikkje berre gamle, men definisjonen av vedlikehald er strengare dess eldre bygga er. Takbytte eksempelvis er gjerne slik ein må søke på.
Plikt til å ikkje skade automatisk freda kulturminne, inkludert terrenginngrep innanfor sikringssona (kml. § 3 og § 8).
Rettar
Rett til gratis fagleg rettleiing frå kulturminneforvaltninga
Gjeld for freda bygg og bygg som kan vere automatisk freda – det vil seie bygg som ein veit eller trur er eldre enn 1650 (kml. § 15 a).
Rett til vurdering av støtte dersom antikvariske kostnader blir urimeleg høge
Gjeld for freda bygg (kml. § 15 a).
Rett til at tiltak blir vurdert av rette myndigheit
Kommunen kan ikkje gi løyve før kulturminneforvaltninga har uttalt seg om bygg bygd før 1850.
Rett til å søkje tilskot
Særleg relevant for freda og verneverdige bygg.