Taksering av eigedomar

Det er to metodar for  å taksere eigedomar på - alminneleg taksering og taksering ved formuesgrunnlag

Alminneleg taksering

Solund kommunestyret vedtok i juni 2013 å oppnemne ei sakkunnig takstnemnd til å gjennomføra takseringsarbeidet i kommunen etter metoden kalla alminneleg taksering.
Deira oppgåve er å finne verdien av alle eigedomar i Solund i tråd med Eigedomsskattelova § 8 A-2 der det står

  • Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.

Fordi det ofte er ulike oppfatningar om kva som er marknadsverdien for ein eigedom, er det i same paragraf lova nedfelt ein reduksjonsfaktor / sikkerheitsmargin på 30%

  • Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7.  

 

Takstar som vert fastsett etter Alminneleg taksering vert ståande fast i 10 år frå takseringstidspunktet

Formuesgrunnlagsmetoden

Solund kommunestyre vedtok i oktober 2013 at ein skulle nytta formuesgrunnlagsmetoden som grunnlag for å fastsetje takstar på eigedomar som er registrert som bustader. Metoden gjeld altså ikkje fritidsbustader. Dette er takstar som endrar seg kvart år, basert på 4 kriterie som Skatteetaten har avgjort 

  • P-romsareal
  • alderen på bustad 
  • beliggenheit 
  • samanliknberre salsverdiar

Skatteetaten oversender formuesgrunnlaga til bruk ved kommunen si eigedomsskatteutskriving 1. mars kvart år. Taksering skjer deretter i tråd med Kommunestyret sitt gjeldande budsjettvedtak for året.

Dette er det same formuesgrunnlaget som Skatteetaten nyttar for å finna fram til den såkalla formuesverdien og som gjev grunnlag for formuesskatt. Formuesverdien er det som tidlegare vart kalla likningsverdien

Det er mange uttrykk som svirrar og som gjer dette litt vanskeleg å sjekke opp i. Du kan kontrollrekne slik:

  • Formuesverdien skal vera 25% av marknadsdsverdien eller bustadverdien for ein primærbustad og 90% av ein sekundærbustad. Marknadsverdi eller bustadverdi er det same som bruttoverdi på skattemeldinga di
  • Formuesgrunnlaget eller takstgrunnlaget for eigedomsskatt får ein ved å gange formuesverdien med 4, om du har primærsbustad. Hugs óg at summen som er oppført på skattemeldinga di, gjeld berre din part i eigedomen.

70% av den samla verdien, det vil seie alle eigarane sin andel, utgjer «skattetaksten» eller «takstgrunnlaget» for eigedomsskatten. 

Ny takseringsprosess fram mot år 2024

Nye takstar skal fastsetjast frå og med 1. januar 2024. Det vil koma nærare informasjon om denne prosessen ved eit seinare høve.

Les meir om taksering i eigedomsskattelova