Alminneleg taksering
Solund kommunestyret vedtok i juni 2013 å oppnemne ei sakkunnig takstnemnd til å gjennomføra takseringsarbeidet i kommunen etter metoden kalla alminneleg taksering.
Deira oppgåve er å finne verdien av alle eigedomar i Solund i tråd med Eigedomsskattelova § 8 A-2 der det står
- Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.
Fordi det ofte er ulike oppfatningar om kva som er marknadsverdien for ein eigedom, er det i same paragraf lova nedfelt ein reduksjonsfaktor / sikkerheitsmargin på 30%
- Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7.
Takstar som vert fastsett etter Alminneleg taksering vert ståande fast i 10 år frå takseringstidspunktet. For åra 2024, 2025 og 2026 har kommunestyret vedteke å kontojustere takstane etter eigedomsskattelova § 8 A-4 med 10 % kvart år. 2026 er siste året takstane kan kontorjusterast.
Formuesgrunnlagsmetoden
Solund kommunestyre vedtok i oktober 2013 at ein skulle nytta formuesgrunnlagsmetoden som grunnlag for å fastsetje takstar på eigedomar som er registrert som bustader. Metoden gjeld altså ikkje fritidsbustader. Dette er takstar som endrar seg kvart år, basert på 4 kriterie som Skatteetaten har avgjort
- P-romsareal
- alderen på bustad
- beliggenheit
- samanliknberre salsverdiar
Solund kommune henter desse verdiene frå skatteetaten årleg. Det er til ein kvar tid 2 år gamle verdier som vert nytta. Skatteetaten har gjort endringar i formelen sin gjeldande frå 2026. Dette vil ikkje få innverknad på utrekning av eigedomsskatt før frå 2028.
Dette er det same formuesgrunnlaget som Skatteetaten nyttar for å finna fram til den såkalla formuesverdien og som gjev grunnlag for formuesskatt. Formuesverdien er det som tidlegare vart kalla likningsverdien
70% av den samla verdien, utgjer «skattetaksten» eller «takstgrunnlaget» for eigedomsskatten.
Les meir om taksering i eigedomsskattelova