Feiing og tilsyn med branntryggleik

Feiarvesenet er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Masfjorden, Modalen, Gulen og Solund.

Feiaren si oppgåve er å sikra tryggleiken til innbyggarane at det ikkje oppstår sotbrann i skorsteinen.

Kva tenester får du

  • Det er planlagt feiing anna kvar år. Feiaren vurderar om det er behov å feie kvart år.
  • Branntilsyn av bustaden er kvart fjerde år.

Gebyr

  • Gebyr for tilsyn og feiing 2023 er fastsett til kr 677 pr år
  • Gebyret er rekna ut etter sjølvkostprinsippet og er rekna å gå i balanse i løpet av ein fire-årsperiode.
  • Gebyret vert kravd inn kvart år, også dei åra det ikkje er tilsyn eller feiing.

 

Gebyret for feietenesta skal betalast av alle som har omn knytta opp mot skorstein. Om omnen ikkje er i bruk, skal det uansett betalast gebyr. Der omnen er fjerna og plombert vert det ikkje kravd gebyr. Dette må kommunen få melding og dokumentasjon på.

Hugs at tryggleiken i bustaden er huseigar sitt ansvar.

 

Ved spørsmål om feiing og tilsyn, kontakt Masfjorden kommune på telefon 56 16 62 00,