Slå saman eigedomar

Fleire eigedomar som har same eigar og vert brukt som ei eining kan slåast saman slik at det vert ein eigedom. Den samanslegne eigedomen bør vere eit samanhengande areal

Samanslåing av fleire eigedomar til ein kan vere fornuftig for å få enklare og betre oversikt av eigedomsforholda. 

Hefter og servituttar frå enkelteigedomar som blir slått saman, vil hefte ved den samanslåtte eigedomen. 

Samanslåing er ei gratis teneste, men det kan kome tinglysingsgebyr.

Kva må vere på plass før du kan kreve samanslåing

Kravet må vere signert av alle eigarane (heimelshavarar) 

  • Eigedomane må ligge i same kommune 
  • Eigedomane må ha same eigar 
  • Samanslåinga må oppfylle matrikkellova § 18 og matrikkelforskrifta § 43 
  • Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom pantehavar. Les meir om prioritetskollisjon her

Tinglyst heftelse 
Dersom det er tinglyst pant på eigedomane, må panteforholdet vere likt på begge eigedomar før dei kan bli slått saman. Ulik pant fører til prioritetskollisjon. Om det er tinglyst urådigheit, må du legge ved skriftleg samtykke frå urådigheitshavar.  

  • Pant er sikkerheit for eit økonomisk krav som er tinglyst i grunnboka 
  • Ei urådigheit er tinglyst i grunnboka, og er ein avtale om at eigar ikkje kan bestemme fritt over eigedomen.  

Du kan kontakte Kartverket om tinglyst hefte på eigedomen

Finn aktuelle lovtekstar her

Matrikkellova § 18
Matrikkelforskrifta § 43

Slik krev du samanslåing av eigedomar

  • Fyll ut skjemaet Krav om samanslåing
  • Du må oppgje alle eigedomane som skal bli slått saman
  • Alle heimelshavarane må skrive under på skjemaet, og oppgje fullt fødselsnummer eller organisasjonsnummer
  • Lever eller send skjemaet i posten til

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

May-Sissel Trovåg Strand
Ingeniør
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 10
Mobil 95 95 61 44