Deling eller endring av grunneigedom

Deling eller endring av eigedom krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova (pbl). Dersom du ønsker å dele frå ei tomt eller ønsker å endre grenser for eigedomen din, må du søke til kommunen om dette.

Eit løyve til slik endring er trinn ein i ein saksprosess der trinn to er å halde oppmålingsforretning og opprette ny eigedom/endre eigedomsgrensene. Gjennom oppmålingsforretninga får den nye eininga eit eige gards- og bruksnummer, dersom det gjeld ikkje arealoverføring. Den nye eigedomen, eller endring av denne, vert deretter registrert i det offisielle eigedomsregisteret (matrikkelen).

Ver klar over at saka kan verte omfattande dersom søknaden ikkje er i samsvar med gjeldande arealplan for området. Det må då søkast om dispensasjon frå planen eller endring av plan, før det kan gjevast løyve til deling i samsvar med pbl § 26-1.

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71