Kva gjeld for din eigedom

Kva som gjeld for din eigedom er avhengig av gjeldande plan for området.

For at det ikkje skal bli reist tvil om at du har bygd noko ulovleg, eller du har feil opplysningar om kva som gjeld for din eigedom, ber vi om at du sender oss ein skriftleg førespurnad.

Du kan sende ein e-post til post@solund.kommune.no

Finn plan for eigedomen din

Kva plan som gjeld for din eigedom kan du finne på kommunen sine kartdata. Er området regulert fins det ein eigen reguleringsplan. Dersom det ikkje er regulert er det kommuneplanens arealdel som gjeld.

Finn ut om eller korleis eigedommen din er regulert på kommunekartet

Du finn vedtekne planar i Solund kommune her

Om din eigedom er regulert, gjer vi merksam på at det kan vere forhold i arealdelen i kommuneplanen som har strengare føresegner enn reguleringsplanen.

Kan eg bygge utan å søke?

Du kan bygge mindre tiltak utan å søke om løyve. Det betyr at du kan bygge eller sette opp noko på eigedomen din utan søknad. Det er viktig at alle vilkår som krav i arealplan, forbod, lov og forskrift er oppfylt.  

Du finn meir informasjon om du kan bygge utan å søke her. 

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71