Førehandskonferanse

Dersom du vil ha eit møte med kommunen for å avklare forhold og føresetnadar for eit byggetiltak kan du bestille ein førehandskonferanse.
Føremålet med ein førehandskonferanse er å etablere tidleg kontakt for å avklare føresetnadar og krav for den vidare sakshandsaminga.

Du som tiltakshavar, og ansvarleg søkar møter då sakshandsamar for byggesak.

Når kan du bestille førehandskonferanse

Førehandskonferanse kan du bestille ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak der du sjølv kan søke om byggeløyve kan du møte kommunen aleine. Dersom du er i tvil om tiltaket ditt er søknadspliktig eller ikkje, kan du og bestille ein førehandskonferanse. 
 
For søknadspliktige tiltak der fagfolk må stå ansvarleg for søknaden, bør ansvarleg søkar delta på førehandskonferansen. Førehandskonferanse blir halde før ein eventuell byggesøknad blir sendt til kommunen.

Vilkår

Kommunen pliktar å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar vil ha det. Før møtet skal du eller ansvarleg søkar gje kommunen dei opplysningar som er naudsynt for å halde konferanse. Dette vil som regel vere kart, teikningar, skildring, avklaring om dispensasjon osv.

Korleis bestille førehandskonferanse

Dersom du vil ha ein førehandskonferanse med kommunen kan du sende ein skriftleg førespurnad til kommunen. Bestilling kan bli gjort ved e-post til post@solund.kommune.no eller pr brev til

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Du må i bestillinga gjere greie for kva du vil bygge og på kva eigedom. Forhold som du vil ha avklaring på under konferansen må kommunen få vite om før møtet. Før møtet skal du eller ansvarleg søkar gje kommunen dei opplysningar som er naudsynt for å halde konferanse. Dette vil som regel vere kart, teikningar, skildring, avklaring om dispensasjon osv.

Pris

Gebyr for førehandskonferanse finn du i vedteke gebyrregulativ her (PDF, 198 kB)

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71