Dispensasjon

Dersom du vil bygge eller føre opp noko som er i strid med lov, forskrift eller plan, må du søke om dispensasjon. Kommunen kan gje varig eller mellombels dispensasjon frå føresegner gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova § 19-2. 

Vilkåra for å gje dispensasjon er:

  • Omsyna bak føresegna det blir søkt dispensasjon frå kan ikkje bli satt vesentleg til sides 
  • I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene 

Det er søkar sitt ansvar å grunngje kvifor kommunen skal gje dispensasjon.

Kommunen kan ikkje gje dispensasjon frå reglane om sakshandsaming. Du kan heller ikkje få svar på utfallet av ein dispensasjon før den er handsama av kommunen.

Er du i tvil om det du skal bygge krev dispensasjon kan du sende oss ein e-post til post@solund.kommune.no
Dersom det er avtale førehandskonferanse er dispensasjon eit naturleg tema å ta opp der.

Søknad om dispensasjon kan du sende på e-post til post@solund.kommune.no
Du kan óg levere søknaden i resepsjonen på kommunehuset, eller sende den i posten til:

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71