Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar. Tenesta er retta mot deg som er uroa for eit barn eller ungdom, og er usikker på om det kan ligge omsorgssvikt, vald, overgrep eller andre belastningar bak det du ser. Det er låg terskel for å melde ei sak til drøfting. 

Ofte er det ikkje opplagt om eit barn vert utsett for vald eller overgrep. Mange barn viser dette indirekte- gjennom åtferd, relasjonelle- eller kjenslemessige uttrykk. Du treng ikkje vera sikker på at det handlar om vald eller overgrep for å drøfte i teamet. Teamet er nettopp der for å hjelpa deg å sortera og vurdera bekymringa. Det er til barnets beste at me drøftar ei bekymring for mykje enn ei for lite. 

Gjennom kontakt med konsultasjonsteamet kan du som uroar deg, eller går med ei ubehageleg kjensle på vegne av eit barn, få diskutert saka anonymt. Her kan du få rettleiing og konkrete råd frå fagpersonar frå kommunehelsetenesta, spesialpedagog, PPT, barnevern, BUP, politi og tannhelsetenesta. Teamet vil drøfte problemstillinga og kome med faglege vurderingar og innspel, der hensikta er å auke rådsøker si forståing og gje råd om god og riktig handsaming av saka vidare. 

Alle som i si yrkesutøving kjem i kontakt med born og unge, kan kontakta konsultasjonsteamet. Teamet kan for eksempel vera aktuelt når du ser barn eller ungdom som: 

  • Vis aggresjon, sterk sinneproblematikk eller utagering 
  • Er tilbaketrukne, engstelige eller har vanskar med å delta sosialt 
  • Er overdrevent knytt, klamrande eller kontrollerande 
  • Unngår vaksne, toler lite nærleik eller kroppskontakt 
  • Er påfallande «vaksen» i veremåte; i uvanleg stor grad passar på eller hjelp til 
  • Har vanskeleg for å stole på vaksne eller blir fort fiendtleg 
  • Har sterke reaksjoner på tilbakemelding og krav 
  • Har overfølsamheit for sansemessige stimuli 
  • Har uforklarlege fysiske plager eller endring i funksjon (søvn, konsentrasjon, hygiene, matinntak, plutselege regresjonar som sengevæting) 
  • Fortel om uro heime, eller du fanger opp signal på kontroll, frykt eller lojalitetskonflikt 
  • Har gjentatte skader eller endring i stemningsleie utan tydeleg forklaring 
  • Du rett og slett har ei magekjensle av at noko ikkje stemmer 

 

Konsultasjonsteamet har faste møter kvar sjette veke og kan sette opp ekstra møter etter behov. 

 

Dersom du har ei sak du ønsker å ta opp i konsultasjonsteamet, kan du sende koordinator mail om dette, så tek me kontakt. Mail: hanne.tvedt@solund.kommune.no

 

Eventuelt kan du ta kontakt på telefon: 

Hanne Tvedt, kommunepsykolog, tlf. 949 77 304 

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg, helsesjukepleiar, tlf. 991 55 424 

Hege Tunestveit, spesialpedagog, tlf. 948 92 073

Hanne Tvedt
Psykolog
Helse og omsorg
Telefon 57 78 62 73
Hilde Marit Nikolaisen Trovåg
Leiande helsesjukepleiar
Helse og omsorg
Telefon 57 78 62 82
Hege Tunestveit
Spesialpedagog
Oppvekst og kultur