Skulehelsetenesta arbeider for å fremje barn si utvikling, trivsel og meistring, både på individ og universelt nivå. Har barnet utfordringar med fysisk, psykisk eller sosial helse kan ein ta kontakt med skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan bidra med individuelle samtalar, etablere tverrfagleg samarbeid og foreldrerettleiing.
Aktuelle utfordringar for barnet kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.
Vi tilbyr syn og hørseltest ved behov.
Alle som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt.
Faste tilbod frå skulehelsetenesta
1. trinn: Skulestartundersøking hos helsesjukepleiar og lege. Deltek på foreldremøte og undervisningsopplegg.
Tema: førebygging av vald. Film: «Alle har rett til en trygg barndom».
2. trinn Vaksine mot DTP-IPV.
3. trinn: Vekstmåling.
Undervisning. Tema førebygging av vald: «Alle har rett til en trygg barndom». Psykologisk Førstehjelp.
4. trinn: Undervisning. Psykologisk Førstehjelp
5. steg: Undervisning: Pubertet og undervisning med NOK (Kompetansesenter mot seksuelle overgrep).
6. steg: Undervisningsopplegget: «Spør først». Tema: førebygge seksuelle overgrep og fremme positiv og trygg seksualitet. Vaksinering: MMR vaksine.
7. steg: Vaksine mot HPV, 2 dosar
8. steg: Undervisningsopplegg: Psykisk helse. Deltek på foreldremøte. Vekstmåling og individuell helsesamtale med helsesjukepleiar.
9. steg: Undervisningsopplegget: «Spør først». Tema; førebygge seksuelle overgrep og fremme positiv og trygg seksualitet.
10. steg: Vaksine mot DTP-IPV. MSO anna kvart år.
På grunn av små klassar blir enkelte klassar slått saman, jfr tilbod om undervisning
I tillegg kjem helseundersøkingar, samtalar, oppfølging etter behov. Eleven sjølv, føresette og tilsette ved skulen kan ta kontakt med helsesjukepleiar.
På førespurnad kan helsesjukepleiar bidra med undervisning klassevis, i grupper eller individuelt innan tema som psykisk helse, søvn, kosthald, fysisk aktivitet, pubertet, kropp og seksuell helse, tobakk, alkohol og andre rusmiddel, vald og overgrep.
Fysioterapi
Fysioterapeut er ein del av helsestasjons- og skulehelsetenesta, og kan hjelpe barn og unge som har utfordringar med motorikk, bevegelse, leik, aktivitet og deltaking. Basert på ei kartlegging av funksjonsevne blir det vurdert kva som er behovet og aktuelle tiltak, til dømes behandling, rettleiing eller tilrettelegging. Samarbeid med til dømes barnehage eller skule kan også vere aktuelt.
Føresette kan ta direkte kontakt med fysioterapeut, eller tilvisast via helsesjukepleiar, barnehage eller skule etter samtykke med foreldre.
Ann Helen Kvamen
Fysioterapeut
Helse og omsorg
Epost ann.helen.kvamen@solund.kommune.no
Mobil 47 87 60 38
Rettleiingsteam
Helsesjukepleiar deltek i Rettleiingsteam i oppvesktsektoren.
Rettleiingsteamet skal ha som oppgåve å handsame pedagogiske problemstillingar knytt til born i barnehagen og elevar i skulen.
Rettleiingsteamet skal medverke til å styrke den spesialpedagogiske kompetansen, ta initiativ til førebyggjande arbeid og drive rettleiing.
Rettleiingsteamet er eit rådgjevande organ for styrar og rektor
Dei som er med i teamet er helsesjukepleiar, kommunepsykolog, spesialpedagog, rektor, styrar og PPT.
Gruppa har møte etter fastsett plan
Slik når du oss
Kontortid på Solund skule: Kvar måndag kl 08.00 – 15.30. Stad: Barneskulen.
Elevar får ikkje fråvær ved time hos helsesjukepleiar.
Kontakt din helsestasjon på nett - Digi Helsestasjon
Nyttige lenker
Alarmtelefonen for born og unge
Ung.no
Sex og samfunn
Zanzu - info på fleire språk