Prisen for 1.-3. klasse er kr 660 i månaden, inkludert 12 timar gratis SFO i veka.
Prisen for 4. klasse er kr 1 220 i månaden.
Korleis søkje
Du søkjer elektronisk ved å logge deg inn med med bankId eller liknande
Søk om plass på skulefritidsordninga her
Søknadsfrist
Søknadsfrist for SFO-plass er 1. mai kvart år
Dagplassar
Det kan vere mogeleg å kjøpe dagplass etter avtale med SFO-ansvarleg
SFO-tilbodet har ope på skuledagar, og er stengt når skulen har fridagar.
Prisar SFO skuleåret 2025 - 2026
Elevar i 1. - 3. klasse får inntil 12 timar gratis SFO i veka. Pris 01.08.2025 - 31.07.2026
Søskenmoderasjon m.m.
Det vert gjeve søskenmoderasjon i samsvar med barnehagen sine satsar for dette.
Dersom tal søkjarar til leksehjelp tilseier det, kan det verte aktuelt å legge dette inn i Skulefritidsordninga.
Brukarar av SFO vil då få fråtrekk i prisen for desse timane.
Redusert foreldrebetaling SFO
Foreldrebetalinga for ein SFO-plass skal ikkje utgjere meir enn 6% av inntekta til familien. For å få reduksjon må ein sende inn søknad og leggje ved skattemeldinga for det siste året.
Dersom ein søkjer før 1. august gjeld retten til reduksjon heile skuleåret. Dersom ein søkjer etter 1. august, gjeld retten frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Retten til reduksjon gjeld for eitt skuleår om gongen.
Du søkjer ved å logge deg inn på Visma Flyt Skole
Link til Visma Flyt Skole
Nyttige lenker
Årsplan SFO (PDF, 710 kB)
Vedtekter SFO (PDF, 579 kB)