Næringsutvikling

Solund kommune sin samfunnsdel har som mål: Auka næringsutvikling, meir mangfald i næringsliv og fleire arbeidsplassar. 

Kommunen sitt arbeid med næringsutvikling

Solund kommune si rolle er å vere tenesteytar, forvaltar og samfunnsutviklar. Solund kommune tilrettelegg for næringslivet ved å:

  • Drive med samfunns- og arealplanlegging
  • Medverke i regionale og nasjonale prosessar
  • Regulere areal
  • Arbeide med utvikling av næringareal
  • Arbeide med mobil- og fiberdekking
  • Arbeide med vegar og varetransporttilbod
  • Vedlikehalde kaiar
  • Ha tilbod til næringslivet via Klar Bedrift
  • Vere medeigar i Lutelandet Utvikling AS, BKK AS, Origod AS, Visit Fjordkysten AS, Opplæringsfartøy AS og Solund Næringsbygg AS. Har medlemskap i Fjordkysten regional- og geopark. 
  • Ha samrådingsmøte med Solund næringssamskipnad kvar månad
  • Ha reiselivsforum med reiselivsnæringa to gongar i året
  • Arrangere Kva skjer i Solund
  • M.m.

 

Næringsutvikling i planverket til Solund kommune

Samfuinnsdelen skildrar korleis det skal opplevast å vere næringsdrivande i Solund:

  • næringsdrivande og tilflyttarar som etablerer seg permanent i Solund fordi dei kjenner seg velkomne og opplever at det er enkelt
  • eit variert og framtidsretta næringsliv som baserer seg på Solund sine grunnleggande ressursar i natur og folk.
  • innbyggarar, besøkande og næringsliv som deltek i aktivitetar, og skapar aktivitet fordi dei ynskjer å bidra positivt for seg sjølv og andre.
  • innbyggarar, besøkande og næringsliv som brukar naturen aktivt på ein berekraftig måte.
  • infrastruktur som gjer det enklare med aktiv deltaking i eit regionalt bu-, arbeids og serviceområde, og færre barrierar for dei som nyttar seg av jobb, utdannings-, kultur og fritidstilbod.

Det er sett opp ei rekkje tiltaka som skal sikre at ein når målsettingane i planen. Dei kan du lese meir om under 4.2 Mangfaldig næringsliv og fleire arbeidsplassar. 

Aktuelle lenker

Jens-Eivind Kobbeltvedt
Kommunedirektør
Epost
Mobil 95 81 43 00