Ein grønare kvardag

Korleis ta berekraftige val i kvardagen, og kor lett er det? Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko 

Gulen kommune har sett i gang pilotprosjektet “Grønare kvardag” og vi har fått lov å dele deira informasjon om dette.

I lenka under er det blant anna eit tips om å ete meir plantebasert og mindre kjøt, fjørfe og fisk. Dette er ikkje eit svart-kvitt bilete, og ein må sjå på dei lokale mogelegheitene, konsekvensane, og bidraga til matvareberedskapen. 

  • Solund er ein stor matprodusent, med fiskeri og havbruk  - med andre ord lokalmat både i eit loaklt og i eit nasjonalt perspektiv. I tillegg er det mogeleg med veldig kortreist mat om ein fiskar sjølv. 
  • Matproduksjon på land ser ein gjennom at Solund er ein relativt stor sauekommune, og det er mange som har høve til kortreist mat som bønder og i beitelag. Beiting av kystlandskapet bidreg også til at ein held kystlynghei og naturbeitemark i hevd, og ein held risikoen for lyngbrann nede. Dette er også tiltak som bidrar til ein grønare kvardag. 

 

Finn gode tips til korleis du kan bidra her