Fyrstegongsetablerar bustad

Skal du etablere deg med din fyrste bustad i Solund?

Då kan du, på visse vilkår, få kr 50.000 i støtte frå Solund kommune. 

Solund kommunestyre har vedteke fylgjande retningsliner for tilskotsordninga for fyrstegongs bustadetablerarar.

  • Tilskotet kan berre gjevast til fyrstegongs bustadetablering i Solund.
  • Mottakar av tilskotet må vere folkeregistrert på bustadadressa ved tidspunktet for utbetaling
  • Søkjar, eller ein av partane i eit partilhøve, må vere under 40 år.
  • Tilskotet kan tildelast til følgjande føremål:
    • Oppføring av ny bustad
    • Kjøp eller arv av eksisterande bustad
  • Krav til utbetaling:
    • Ved nybygg skal det føreligge ferdigmelding
    • Ved kjøp eller arv av eksisterande bustad skal skøyte vere tingslyst
  • Tidsfrist for å søkje om tilskotet er 2 år frå godkjend ferdigstilling av nybygg eller tinglyst skøyte ved kjøp eller arv.
  • Tildeling av tilskotet er lagt til Solund formannskap.

 

Her finn du digitalt søknadsskjema for tilskotet

Amund Fuglebakk Aglen
Stabsleiar
Stab
Telefon 57 78 62 14