Solund Treningssenter

Har du lyst å trene på trimrommet på treningssenteret vårt? Du er hjarteleg velkommen. Treningssenteret består av eit trimrom med trimutstyr av studiokvalitet.

Om medlemskap

  • Alle over 16 år kan teikne medlemskap.
  • Langtidsmedlemskap gjeld 6 månadar om gangen.
  • Langtidsmedlemskap er delt opp i to faste perioder i året. 1. januar - 30. juni og 1. juli - 31. desember.
  • Om du vil ha langtidsmedlemskap midt i ein periode så kan du berre få medlemskap til den noverande perioden er ferdig.
  • Korttidsmedlemskap gjeld for ein månad. Dersom ein ynskjer ein lengre avtale må ein teikne langtidsmedlemskap.
  • Medlemmer over 18 år kan ta med seg inntil to personar mellom 13 og 15 år på treningssenteret. Desse trener gratis.
  • Alle medlemmar vil få utdelt nøkkelkort som vil gi dei tilgang til trimrommet gjennom heile opningstida

 

All oppdatering/fornying av medlemskap og utlevering av nøkkelkort må gjerast fysisk på servicekontoret i kommunehuset.

Kontigentprisar Solund Treningssenter frå 01.07.2026

Kontigentprisar Solund Treningssenter frå 01.07.2026
KategoriPris 6 mnd.Korttidsavtale 1 mnd
VaksenKr 1400,-Kr 325,-
Ungdom/StudentKr 430,-Kr 100,-
Ytterlegare informasjon Solund Treningssenter
Ytterlegare informasjon
Aldersgrense: 16 år
Barn 13 - 15 år går gratis ved følge av vaksen
Opningstider Kl. 05.00 - 24.00 kvar dag
For utdeling av nøkkelkort betalast Kr 100,- i depositum

 

Her kan du lese reglar for medlemsskap og bruk av treningssenteret (PDF, 78 kB)

 

For førespurnad om apparata, send e-post til:

jorn.otto.olsen@solund.kommune.no

Eller melding til

+47 900 98 217