Kursmidlar ungdom 13 - 20 år

Ungdomsrådet i Solund disponerer økonomiske midlar til kurs for unge mellom 13 og 20 år til fordeling årleg

Ordinær søknadsfrist er 1. mai

Retningsliner for tildeling av kursmidlar

Solund ungdomsråd fordeler kursmidlar årleg. Midlane vert tildelt i møte i ungdomsrådet etter søknad frå elevråd, organisasjonar og andre grupper. Ein del av midlane kan fordelast til tiltak som Solund ungdomsråd sjølv ønskjer å setje i gang.

  • Det kan søkjast om støtte til ulike kurs, t.d. båtførarkurs, motorsagkurs, dansekurs, skikurs, osb. 
  • Målgruppa for kursa skal vere ungdom mellom 13-20 år frå Solund kommune 
  • Maksimal støtte for eit tiltak er kr. 10 000,- 
  • Midlane skal gå til aktivitetar som flest mogeleg unge har nytte og glede av i sitt nærmiljø 
  • Midlane skal brukast til planlegging og gjennomføring av tiltak 
  • Midlane kan ikkje brukast til faste arrangement eller driftsstøtte 
  • Ungdomsrådet gjer vedtak om støtte 
  • Tilskota vert utbetalt etterskotsvis mot dokumentasjon av utgifter 
  • Ordinær søknadsfrist er 1.mai. Dersom midlane ikkje vert fordelt ved hovudsøknadsrunda er det løpande søknadsfrist til midlane er utdelt 
  • Avslag på søknader skal grunngjevast 
  • Det er ikkje klagerett på vedtaket