Turområde

Solund er eit særeige øyrike ytst i Sognefjorden. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling, sykkelsturar og fotturar. Du finn mykje gode turforslag på ut.no og andre aktivitetsforslag på tursitinformasjonen sine nettsider.  

Sognesjøhytta

I løpet av dei siste åra har Sogn- og fjordane fått 26 dagsturhytter, og i Solund kommune ligg Sognesjøhytta. 

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.

 

Turområde

Solund kommune har inngått avtalar om merking og vedlikehald for følgjande turstiar: 

  • Krakhellenipa
  • Husefjellet i Nessa frå Eide
  • Urdanipa
  • Pollatinden
  • Ramneipa frå sør
  • Sognesjøhytta
  • Hammarstakken
  • Håfjellet
  • Sperrefjellet Sør
  • Stigfjellet

Dette er stiar som er godt merka og vedlikehalde for dei som ikkje er kjende i Solund og tilrådd for alle som er i fysisk form til det. 

Det er også andre stiar i Solund som er delvis merka og tilrettelagde (sjå ut.no under), men dette er stiar for som passar for dei som allereie er kjende i området og kjend med Solund som turmål og er ikkje tilrådd for andre. 

 

Nokre enkle ferdselsreglar

  • Bandtvang: I Solund kommune gjeld dei nasjonale reglaen for bandtvang, og reglane finn ein i hundelova. 
  • Beite: Om sommaren vert mange av turområda brukt til beite for sau og storfe. Vis omsyn om du møter beitedyr og ikkje jag desse. Meld frå til nærmaste gard om du kjem over sjuke, skadde eller døde dyr. Det går dyr i mange område som ikkje har ordinære gjerder, og Nofence er mykje brukt i Solund. 
  • Praktiser sporlaus ferdsel, og ikkje ta deg til rette på private vegar, tun og stølar.
  • Bålforbod: Det er generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp eld i nærleiken av skog og annan utmark. .
  • Bråtebrenning er ikkje tillatt uansett tid på året i område med tett bebyggelse og i bustadfelt.
  • Ver forsiktig med eingongsgrillar.
  • Kast ikkje søppel i naturen. Flaskeskår og blikkboksar kan skade både dyr og folk, det same kan rista frå eingongsgrillen. 
  • La sjeldne og sårbare vekstar få stå i fred. Dei er vakrast der dei står. 
  • Allemannsretten gjeld, men det er ikkje lov å merke og skilte stiar utan grunneigaravtale. 

 Aktuelle lenker