Motorferdsel i utmark og vassdrag, landingsløyve for helikopter

Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode, for å verne om naturen og miljøet. Motorferdsellova opnar likevel for motorferdsel og landingsløyve for helikopter til visse føremål. Kommunen kan gje løyve til køyring for nyttetransport etter søknad. Det er ikkje høve til å gi løyve til turkøyring.

Slik søker du

Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark eller landingsløyve for helikopter. 

  • Legg ved kart som viser planlagt køyrerute.
  • Gjeld søknaden transport av funksjonshemma må du legge ved legeattest som dokumentasjon. 
  • Dersom du skal køyre over andre sin eigedom må du ha løyve frå grunneigar.

 

Lenke til søknadsskjema om løyve til motorferdsel i utmark

Har du spørsmål?

Om du treng hjelp til å søke, eller har spørsmål, ta kontakt med servicekontoret på telefon 57 78 62 00

Kva er nyttekøyring?

Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg. 

Du kan lese meir om motorferdsel i utmark hos Miljødirektoratet

Kva skjer vidare?

Vi behandlar søknaden din innan tre veker. Det er i tillegg 3 vekers klagefrist etter vedtak og difor bør du alltid sende søknad minst 6 veker før transporten skal føregå.

Klage på vedtak

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet.

Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med servicekontoret i kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer klagen. 

MERK: Det er eit krav om at all motorferdsel skal føregå aktsomt og omsynsfullt, slik at skade og ulemper for naturmiljø og mennesker vert unngått.

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71