Kven kan få tryggleiksalarm?
Eldre, personar med funksjonsnedsetjing og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine kan søkje om tryggleiksalarm
Korleis fungerer ein tryggleiksalarm?
Ein tryggleiksalarm er ein alarm du har på deg heile døgnet for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Når du trykker på alarmen, vil alarmsentralen straks ta kontakt med deg, vurdere nødvendig oppfølging og ved behov sende hjelp til deg. Hjelpa kan vere pårørande, ein nabo eller tilsette i helse- og omsorgstenesta.
Slik søkjer du om tryggleiksalarm
- Du må sende skriftleg signert søknad
- Heimetenesta kan hjelpe deg med å fylle ut søknaden
Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om tryggleiksalarm
Send søknaden til:
Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke
Du finn søknadsskjemaet her
Søknadsfristar
Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.
Pris
Eigenbetaling for tryggleiksalarm frå 01.01.2025 er kr. 370 i månaden.
Praktiske opplysningar om tryggleiksalarm
- Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet.
- Du må gi løyve til at heimetenesta kan oppbevare kopi av din husnøkkel – i tilefelle utrykking.
- Utanfor ein radius på om lag 5–7 km frå sentrum bør pårørande/nabo vere førstekontakt for alarmsentralen.
- Ved alarmar knytta til heimetenesta, kan det ta inntil 30 minuttar før heimetenesta kan vere hos deg. Dette avheng av køyretid og kor raskt ein får avslutte pågåande oppgåver på forsvarleg måte.
- Du må betale månadsabonnement for leige av tryggleiksalarmen.
- Solund kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria.
- Vedlikehald og reparasjonar som følge av vanleg bruk vert dekka gjennom abonnementet.
Du kan klage på vedtaket
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar.
Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans.