Praktisk bistand (heimehjelp)

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng hjelp for å greie praktiske gjeremål.  

Kva du kan få hjelp til

  • Enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC.
  • Hjelp til å setje på vaskemaskin
  • Skifte av sengekle.

Du må sjølv skaffe reinhaldsutstyr og vaskemiddel som heimehjelpa kan nytte. 

Slik søkjer du om heimehjelp

Du søkjer ved å bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Når du sender inn søknadsskjema søker du generelt om helse- og omsorgstenester, ikkje om ei spesifikk teneste. Kommunen gjer alltid ei heilheitsvurdering av kva tenester som kan vere best for deg i din situasjon.

I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.

Skjemaet må signerast og sendast i posten til:

Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke 

Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.

Du finn søknadsskjemaet her

Søknadsfristar

Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.

Kva kostar det

Det er husstanden si samla inntekt som bestemmer kva du må betale

Betalingssatsar heimehjelp

Betalingssatsar heimehjelp
Inntekt Timepris inntil 6 timar pr mnd (kroner) Makspris pr mnd over 6 timar (kroner)
Under 2 G 150 225
2 G til 3 G 280 1.750
3 G til 4 G 300 1.900
4 G til 5 G 325 2.120
Over 5 G 345 2.300

Du kan klage på vedtaket

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar. 

Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans. 

Aktuelle lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova

Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester

Wioletta T W Engdal
Einingsleiar for sjukeheim og heimetenester
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 05
Marit Andersen Nesse
Leiar helse og omsorg
Epost
Mobil 41 29 11 39