Kva du kan få hjelp til
- Enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC.
- Hjelp til å setje på vaskemaskin
- Skifte av sengekle.
Du må sjølv skaffe reinhaldsutstyr og vaskemiddel som heimehjelpa kan nytte.
Slik søkjer du om heimehjelp
Du søkjer ved å bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Når du sender inn søknadsskjema søker du generelt om helse- og omsorgstenester, ikkje om ei spesifikk teneste. Kommunen gjer alltid ei heilheitsvurdering av kva tenester som kan vere best for deg i din situasjon.
I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.
Skjemaet må signerast og sendast i posten til:
Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke
Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.
Du finn søknadsskjemaet her
Søknadsfristar
Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.
Kva kostar det
Det er husstanden si samla inntekt som bestemmer kva du må betale
Betalingssatsar for heimehjelp
Du kan klage på vedtaket
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar.
Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans.
Aktuelle lover og forskrifter
Helse- og omsorgstenestelova
Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester