Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er økonomisk stønad som kan verte innvilga til den som har eit særlig tyngjande omsorgsarbeid over lengre tid.

Stønaden kan bidra til at pårørande eller andre nære kan utføre naudsynte omsorgsoppgåver som helsetenesta elles kunne ha ytt.

Det er helse og omsorg som avgjer om søkjar fyller kriteria for omsorgsstønad, eller om det kan vere andre tenester som er meir føremålstenlege for brukar.

Kven kan få omsorgsstønad?

  • Omsorgsmottakar må bu heime
  • Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og gjelde nødvendige omsorgsoppgåver som pågår over tid
  • For born må omsorga klart overstige vanleg omsorg for born på same alder
  • Det er ein føresetnad at søkjar utfører omsorgsarbeid som elles ville høyre inn under helse- eller omsorgstenesta i kommunen
  • Det er det beste for mottakar at det er du som utfører omsorgsoppgåvene
  • Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV. Les meir om hjelpestønad her


Slik søkjer du om omsorgsstønad

Du søkjer ved å bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Når du sender inn søknadsskjema søker du generelt om helse- og omsorgstenester, ikkje om ei spesifikk teneste. Kommunen gjer alltid ei heilheitsvurdering av kva tenester som kan vere best for deg i din situasjon.

I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.

Skjemaet må signerast og sendast i posten til:

Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke 

Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.

Du finn søknadsskjemaet her

Har du spørsmål, kan du ringe telefon 57 78 62 50

Søknadsfristar

Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.

Du kan klage på vedtaket

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar. 

Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans. 

Aktuelt lovverk

Helse- og omsorgstenestelova

Pasient- og brukarrettigheitslova

Wioletta T W Engdal
Einingsleiar for sjukeheim og heimetenester
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 05
Marit Andersen Nesse
Leiar helse og omsorg
Epost
Mobil 41 29 11 39