Omsorgsbustad

Omsorgsbustadar er tilrettelagte bustader for deg som på grunn av sjukdom, alder eller funksjonshemming har vanskar med å bu i vanleg bustad.

Omsorgsbustaden er din eigen heim, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold. Du kan óg motta dei same helse- og omsorgstenestene som du hadde før du flytta.

Solund kommune har 7 omsorgsbustader i nytt bygg bak Solund helsetun på Hardbakke.

Kven kan få tildelt omsorgsbustad?

  • Du må vere over 18 år, og vere folkeregistrert i Solund kommune. 
  • Du må ha ein helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma.
  • Din noverande bustad må vere lite funksjonell, og gi lite rom for utnytting av dine ressursar til eigenomsorg.
  • Noverande bustad kan i liten grad tilpassast.
  • Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsette behov for sjukeheimsplass, og gi deg auka sjølvstende i kvardagen.
  • Omsorgsbehovet ditt må vere av varig karakter.
  • Søkar med moderat funksjonssvikt kan få tildelt bustad for å førebygge aukande funksjonssvikt.
  • Omsorgsbustad kan bli tildelt som ein mellombels løysing, dersom dette kan betre  funksjonsevna slik at du kan flytte tilbake til eigen bustad seinare.

Slik søkjer du om omsorgsbustad

Du søkjer ved å bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Når du sender inn søknadsskjema søker du generelt om helse- og omsorgstenester, ikkje om ei spesifikk teneste. Kommunen gjer alltid ei heilheitsvurdering av kva tenester som kan vere best for deg i din situasjon.

I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.

Skjemaet må signerast og sendast i posten til:

Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke 

Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.

Søk om omsorgsbustad her

Søknadsfristar

Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.

Prisar

Leige for omsorgsbustad vert justert årleg med den kommunale deflatoren som vert vedteke i Statsbudsjettet 

Du kan lese meir om leige i husleigelova kap 4

Du kan klage på vedtaket

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar. 

Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans.

Marit Andersen Nesse
Leiar helse og omsorg
Epost
Mobil 41 29 11 39