Kva du kan få.
- God og næringsrik middag som vert laga av kjøkkenet på Solundheimen og levert ut av heimetenesta dagleg.
- Dessert eller suppe om du ynskjer det.
- Frukost og/eller kvelds
- Diett-kost når det er medisinske grunnar til det
Slik søkjer du.
Du søkjer ved å bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.
Skjemaet må signerast og sendast i posten til:
Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke
Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.
Du finn søknadsskjemaet her
Søknadsfristar
Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.
Prisar
Du kan klage på vedtaket
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar.
Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans.