Kven kan få heimesjukepleie
Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for helsehjelp, kan få vedtak om heimesjukepleie.
Heimesjukepleie er behovsprøvd og tidavgrensa.
Kva du kan få hjelp til
Du kan mellom anna få hjelp til:
- Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar.
- Å ivareta personleg hygiene.
- Sårstell, urinprøver, blodprøver, injeksjonar eller andre tenester dersom du har vanskar med å oppsøkje legekontoret.
- Tilrettelegging av måltidssituasjonen.
- Rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand.
- Rettleiing i helsespørsmål (til dømes: kreftomsorg, lindrande behandling, demensomsorg, rehabilitering, diabetes)
Slik søkjer du om heimesjukepleie
Du søkjer ved å bruke felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Når du sender inn søknadsskjema søker du generelt om helse- og omsorgstenester, ikkje om ei spesifikk teneste. Kommunen gjer alltid ei heilheitsvurdering av kva tenester som kan vere best for deg i din situasjon.
I søknadsskjemaet beskriv du dine behov og kva du treng hjelp til, så vurderer kommunen i dialog med deg kva tenester som kan passe.
Skjemaet må signerast og sendast i posten til:
Solund Helsetun
v/helse- og omsorgsleiar
Taklegarden 1
6924 Hardbakke
Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal underskrive søknaden.
Du finn søknadsskjemaet her
Søknadsfristar
Det er ingen søknadsfrist, søknadane vert vurdert i inntaksmøtet innan fristen på 4 veker. Tek saka lengre tid vil du verte kontakta.
Kva kostar det
- Heimesjukepleie er gratis.
- Dersom du mottek heimesjukepleie kan du etter tre månader ha rett på gratis tannhelseteneste.
Du kan klage på vedtaket
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar.
Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans.
Aktuelle lover
Helse- og omsorgstenestelova
Pasient- og brukarrettigheitslova
Pasientjournallova
Helsepersonellova