Eksterne hjelpetelefonar

Her finn du kontaktinformasjon til Mental helse sin hjelpetelefon og RUStelefonen

Hjelpetelefonen

Hjelpetelefonen er ei gratis, døgnopen telefonteneste som Mental Helse har for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym når du ringer.

Ring 116 123.

Viss du er i utlandet, kan du nå Hjelpetelefonen på telefonnummer 0047 91 116 123. Då gjeld vanleg mobiltakst i samsvar med prislista til kvar enkelt telefonleverandør.

Les meir på nettsidene til Mental Helse

RUStelefonen

RUStelefonen er ei hjelpeteneste om rusmiddelproblematikk. Du vil alltid kunne vere anonym og kan ta kontakt via telefon, chat eller spørjeskjema. Rettleiarane på rustelefonen vil gje deg informasjon om rusmiddel, rusbruk og rett hjelpetiltak der du bur. Enten du er brukar, pårørande eller berre har spørsmål om rus, er du velkommen til å ta kontakt med oss. 

Ring 91 50 85 88.

Både telefon og chat har opningstid mellom kl. 11.00 og 18.00.

Les meir på nettsidene til RUStelefonen