Pasient- og brukarombudet

Fekk du ikkje helsehjelpa du trong?

Du har rett til å klage om du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettar som pasient, brukar eller pårørande, eller opplever å ikkje ha motteke dei tenestene du har krav på. Pårørande kan óg ha klagerett.  

Treng du råd og rettleiing på vegen, har du muligheit til å kontakte Pasient- og brukarombodet. Dei informerer om kva slags rettigheiter du har.  
 
Pasient- og brukerombudet arbeider for å ivareta pasient, brukar og pårørande sine behov, interesse og rettstryggleik i offentleg helse- og omsorgsteneste. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for innbyggarane i heile Noreg, og du kan vere anonym. 

Les meir om kva og korleis du kan få hjelp på www.pasientogbrukarombudet.no