Nok. Sogn og Fjordane

Solund kommune har eit samarbeid med Nok. Sogn og Fjordane, som er eit senter mot seksuelle overgrep. Dette er eit gratis hjelpetilbod for utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. 

Ein treng ikkje henvisning, og det jobbar erfarne fagfolk der. 

Fagressurs

Nok. Sogn og Fjordane er óg ein fagressurs som tilbyr rettleiing til fagpersonar om tema som omhandlar seksuelle overgrep. Du kan diskutere einskildsaker anonymt, få generell informasjon, be om føredrag eller undervisning.

Lenke til Nok. Sogn og Fjordane si heimeside

Informasjonsvideo

Det er laga ein informasjonsvideo om Nok. tilbodet, denne kan du sjå ved å trykke på lenka under. 

Her kan du sjå ein video om Nok.

Kontaktinformasjon

Senteret ligg i Førde, og kan kontaktast slik:

Besøks- og postadresse: Nok. Sogn og Fjordane, Hornnesvegen 1, 6809 Førde

Telefon: 57 72 10 70 / 948 92 823

Sms: 948 92 823

E-post: post@noksognogfjordane.no