Kva du kan få hjelp til
Legekontoret og helsestasjonen kan tilby vaksinasjon ved
- Reiser til utlandet
- Spesielle jobbtilhøve
- Påfylling av vaksiner
Omfattande vaksinasjonsprogram med mange vaksiner kan ta fleire månader å gjennomføre.
Vi kan garantere deg vaksinasjon / gjennomføring av vaksinasjonsprogram dersom du tek kontakt minimum seks veker før avreisedato.
Korleis du går fram
Du må fylle ut vaksinasjonsjournal for reisande
Du må skrive detaljert om
- reisemål og reiselengde
- butilhøve på reisa
- særskilte utfordringar/risiko
- avreisedato
- tidlegare vaksinasjonar
Reisevaksinatør må ta omsyn til vaksiner du har fått tidlegare. Ta difor med gammalt vaksinasjonskort eller vernepliktsbok. Du kan óg finne tidlegare vaksiner på helsenorge sine nettsider
Vi fyller ut aktuell vaksinasjon.
Du finn vaksinasjonsjournal her (PDF, 109 kB)
Du må fylle ut helseopplysningar i samband med vaksinasjon
Dette gjeld helseopplysningar om deg sjølv. Det er viktig at du fyller ut så fullstendig som mogeleg.
desse opplysningane vert brukt til å kartlegge behov for vaksiner
Du finn skjema for utfylling av helseopplysningar her (PDF, 110 kB)
Lever utfyllte skjema til legekontoret. Du kan få skjema på legekontoret dersom du ikkje kan skrive dei ut sjølv.
Kva skjer vidare?
- Etter at vi har fått skjema om reisevaksinasjon vil vi utarbeide ei anbefaling til deg.
- Solund legekontor bestiller og får tilsendt reisevaksine frå Askvoll Apotek. Faktura kjem heim til deg i posten.
- Du får tildelt time til vaksinering etter avtale pr telefon eller via SMS.
- Du må vente 20 minutt etter vaksinasjon før du kan gå frå venterommet.
- Alle vaksiner blir registrert i nasjonalt vaksineregister
- Betaling for konsultasjon på legekontoret (bankterminal)
Pris reisevaksinasjon
Kontaktinformasjon
Solund legekontor
Taklegarden 1
6924 Hardbakke
Legekontoret telefon 57 78 62 80
Helsestasjonen telefon 57 78 62 82
Nyttige nettstader
Folkehelseinstituttet - reisevaksiner
Rådgjeving og vaksinasjon ved reiser utanlands