Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HSU) er open kvar torsdag kl 14.00 - 15.30. 
HSU har kontor i 2. etasje i helsestasjonen sine lokale på Solund Helsetun

Kva kan du få hjelp til

Helsestasjon for ungdom er eit gratis DROP-IN -tilbod til deg mellom 12 og 25 år og tilbyr

  • Tester for seksuelt overførbare sjukdomar (kjønnssjukdomar) eller graviditet.
  • Rettleiing i bruk av prevensjon og uønska graviditet.
  • Rådgivning ved til dømes spiseforstyrringar, problem heime eller rusproblem.
  • Samtale om kjønnsidentitet og seksuell orientering

 

Kven møter du på helsestasjon for ungdom?

Du møter både helsesjukepleiar og lege 3 kvar torsdag. Du får råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov. Alle fagpersonane du møter på helsestasjonen har teieplikt. 
 

Nyttige lenker og nettstader

Ung.no

Sex og samfunn

Zanzu - info på fleire språk

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg
Leiande helsesjukepleiar
Helse og omsorg
Epost
Telefon 57 78 62 82
Mobil 99 15 54 24