Helsestasjon 0 - 5 år

Barn under skulealder får tilbod om oppfølging og faste kontrollar på helsestasjonen. Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen om har spørsmål eller opplever små og store utfordringar i kvardagen.

Slik når du oss.

Helsesjukepleiar har kontortid mandag - fredag kl. 08.00 - 15.30, med telefontid og dropin kvar måndag kl. 09.00 - 11.00. Drop-in-tilbodet er eit ekstratilbod for å imøtekome behov for oppfølging på kort varsel.
Helsestasjonen ligg i 2. etasje på Solund Helsetun, bygget har heis.

 

Tilsette Solund helsestasjon

Tilsette Solund helsestasjon
NamnStillingTelefon
Hilde Marit N TrovågHelsesjukepleiar kontor57 78 62 82
Helsesjukepleiar mobil418 72 178
Vikarlege57 78 62 80
Ann Helen KvamenFysioterapeut478 76 038
Anne HoplandJordmorSjå svangerskapsomsorg

 

Kva vaksiner får barnet?

Her finn du oversikt over barnevaksineprogrammet

 

Kva tilbyr helsestasjonen?

  • På helsestasjonen treff du helsesjukepleiar og lege. Du vil få innkalling til dei faste helseundersøkingane. 
  • Alle nye foreldre får  tilbod om heimebesøk og vidare oppfølginga av barnet og familien, med heimebesøk innan 10 dagar etter fødsel. 
  • Har du nyleg flytta til Solund kommune og har barn under skulealder, ring oss for å etablere kontakt. 
  • Er du gravid, ta kontakt med jordmor.
  • Alle våre tilbod er gratis. 

 

Faste helseundersøkingar 0 - 5 år

 

Helsenorge.no

Helsestasjonen er kobla opp mot Helsenorge.no (HN). Det inneber at du som brukar kan få oversikt over avtalar, be og om avbestille avtalar, samt be om dialog med oss på ein sikker plattform.

Mange er allereie brukarar av HN, og då går timevarsel automatisk derifrå om de har gitt fullmakt til sikker dialog med helsetenestene. Vi tilrår våre brukarar å laste ned appen, då det gjer det enklare å logge inn og sjå meldingar frå HN.

Har du spørsmål? Ta det opp med oss neste gong du kjem på helsestasjonen, eller ring veiledningstenesta til Helsenorge: 23 32 70 00

Andre tilbod frå helsestasjonen

  • Temagrupper - tidspunkt for treffa vert kunngjort.
  • Trening for småbarnsforeldre og gravide.
  • Utlån av 
    • Elektrisk brystpumpe
    • Alarm for sengevætarar

 

Opplever du utfordringar i kvardagen?

Familiar kan i periodar trenge ekstra hjelp og støtte. Snakk med helsesjukepleiar og vi kan gi deg råd og rettleiing.

Vi jobbar mellom anna med:

  • førebyggande psykososialt arbeid
  • hjelp og samarbeid med skule
  • samarbeid om habilitering av barn og unge med spesielle behov

 

Prosjekt bokstart

 Prosjekt bokstart som har som føremål å fremje leselyst og gjere litteratur meir tilgjengeleg for små born og foreldra

Les meir her

 

Nyttige lenker og nettstader

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg
Leiande helsesjukepleiar
Helse og omsorg
Telefon 57 78 62 82