Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er for deg som ikkje meistrar kvardagen på same måte som før, og har eit ynskje om å meistre daglege gjeremål på ein betre måte.

Kvardagsrehabilitering er eit tidsavgrensa og tverrfagleg tilbod, der vi fokuserer på daglege gjeremål i eigen heim.

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit hjelpebehov grunna fysisk eller psykisk funksjonshemming

Slik søkjer du:

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om kvardagsrehabilitering.

Du finn søknadsskjemaet her

 

Kva kostar det?

Tilbodet om kvardagsrehabilitering er gratis.

Kva kan du forvente av oss?

I samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut og heimetrenarar frå heimetenesta vil vi saman med deg bidra til at du kan nå dine mål. Vi kjem heim til deg og vil hjelpe deg å trene på dei aktivitetane du syns er viktig å meistre i kvardagen. For å oppnå dette arbeider vi intensivt saman med deg i ein tidavgrensa periode.

Kva forventar vi av deg?

Vi forventar at du er motivert for å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogeleg grad på nytt kan bli sjølvhjelpen i eige liv.

Ann Helen Kvamen
Fysioterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 40 03 48 33