Fysioterapitenesta

Fysioterapitenesta er for deg som i samband med skade, sjukdom, funksjonssvikt eller andre livsendringar har behov for hjelp til å oppnå best mogeleg funksjon for å meistre eigen kvardag.

Slik når du oss

Fysioterapeuten held til i underetasjen på Solund helsetun. Du kan ta kontakt på telefon, eller direkte på fysioterapilokalet
Vi tek óg imot tilvisingar frå fastlegar og spesialisthelsetenesta, tilvisingsskjema kan leggast i postkasse utanfor fysioterapilokalet eller sendast til:

Solund kommune 
Fysioterapeut
Taklegarden 1
6924 Hardbakke

Du får tildelt time for undersøking når du tek kontakt med fysioterapeut, eller leverer tilvisingsskjema

Tilvisingsskjema born under 16 år (PDF, 345 kB)

Tilvisingsskjema vaksne (PDF, 345 kB)

Pris for tenesta

Vaksne over 16 år vil betale eigenandel etter fastsette taksar inntil frikorttaket på 3.040 kr

Desse er fritekne for eigenandel:

  • born og unge under 16 år
  • personar med dokumentert yrkesskade (der oppfølginga har samanheng med skaden) 
  • brukarar som har opphold på institusjon

Her finn du takstar som inngår i eigenandelen (PDF, 259 kB)

Timar som ikkje vert benytta eller avbestilt seinast 24 timar før, må du betale for.

Les meir om takstar og frikort her

Meir om fysioterapitenesta

Fysioterapitenesta tilbyr ulike typar oppfølging, mellom anna

  • Individuell oppfølging av vaksne og eldre
  • Oppfølging av barn og unge, i samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule
  • Treningsgrupper gjennom Aktiv på dagtid
  • Rehabilitering og anna oppfølging i institusjon
  • Førebyggande heimebesøk
  • Kvardagsrehabilitering

Lover og reglar

Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m.

Ann Helen Kvamen
Fysioterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 40 03 48 33